Musikkgruppa Island

Island var ei kypriotisk musikkgruppe som var sett saman av Aléxia Vassilíou, Areti Kassapi Haralbidou, Aristos Moskovakis, Roger Lee og Dóros Georgiádis. Gruppa vart skipa for å representere Kypros i Eurovision Song Contest 1981 i Dublin i Irland.

Island
OpphavKypros
Aktiv1981-ukjend dato
Siste medlemmerAléxia Vassilíou
Areti Kassapi Haralbidou
Aristos Moskovakis
Roger Lee
Dóros Georgiádis

EurovisionEndra

Eurovision Song Contest 1981Endra

Radiofonikó Ídrima Kýprou hadde ein intern uttaking der dei valte ut bidraget som representerte Kypros i Eurovision Song Contest 1981.[1] Bidraget vart «Mónika», skriven av Dóros Georgiádis og Monika Mickutė, og framførd på gresk av Island. Gruppa vart sett saman spesielt til Eurovision Song Contest 1981, og medlemmene var Aléxia Vassilíou, Areti Kassapi Haralbidou, Aristos Moskovakis, Roger Lee og Dóros Georgiádis. I finalen enda Kypros på sjetteplass med 69 poeng; tolv frå Hellas, ti frå Storbritannia, åtte frå Nederland og Irland, sju frå Noreg og Belgia, seks frå Jugoslavia, fem frå Israel og tre frå Danmark og Sveits. Dette var fyrste året landet deltok i Eurovision Song Contest samt ein av dei beste plasseringane landet har fått fram til i dag.

FotnotarEndra

  1. «Chipre Eurovisión 1981» (spansk). eurovision-spain.com. Henta 19. april 2014. 

KjelderEndra