Opna hovudmenyen
My Boy
Singel av Elvis Presley
frå albumet Good Times
B-side «Thinking About You»
Utgjeve 1975
Innspelt 13. desember 1973[1]
Sjanger Softrock
Lengd 3:19
Selskap RCA Records
Låtskrivar(ar) Phil Coulter og Bill Martin (words, English); Jean-Pierre Bourtayre og Claude François (music)

«My Boy» er ein song frå 1971. Musikken vart komponert av Jean-Pierre Bourtayre og Claude François, og teksten omsett frå den franske originalversjonen «Parce que je t'aime, mon enfant» til engelsk av Phil Coulter og Bill Martin.

Songen vert sungen i førsteperson frå synspunktet frå ein far til sonen sin, som tenkjer at guten søv og ikkje kan høyre kva faren seier til han. Faren fortel sanninga om det spente forholdet mellom faren og mora, og at alt faren har att er kjærleiken til sonen. I staden for å risikere ei smertefull skilsmisse, vel faren å bli verande i eit kjærleikslaust ekteskap for barnet sitt.

Richard Harris-versjonenEndra

Skodespelaren Richard Harris framførte songen «My Boy» i ein musikkonkurranse sponsa av Radio Luxembourg i 1971. Trass i at han ikkje vann konkurransen, spelte Harris han inn og gav han ut på singel seinare det året. Songen kom ut på Harris-albumet med same namn og nådde 41. plassen på Billboard pop-lista og 13. plassen på Billboard adult contemporary-lista.[1]

Elvis Presley-versjonenEndra

Elvis Presley spelte inn ein versjon av «My Boy» seint i 1973 og gav han ut i 1974 på albumet Good Times. Presley-versjonen av songen nådde 20. plassen på Billboard pop-lista,[2] og låg ei veke på toppen av Billboard adult contemporary-lista i april 1975.[1] «My Boy» nådde òg 14. plassen på Billboard country-lista.[3]

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 Hyatt, Wesley (1999). The Billboard Book of #1 Adult Contemporary Hits (Billboard Publications)
  2. Whitburn, Joel (2004). The Billboard Book of Top 40 Hits, 8th Edition (Billboard Publications)
  3. Whitburn, Joel (2004). The Billboard Book Of Top 40 Country Hits: 1944-2006, Second edition. Record Research. s. 273. 

BakgrunnsstoffEndra