Myklebust i Ørsta

Myklebust er ein matrikkelgard i Ørsta kommune. Han ligg i Follestaddalen, på austsida av Storelva. Garden grensar mot Follestad i sør og Øy i nord. Garden, som i lang tid var fembølt, har halde utskifting over innmarka fleire gonger. Fyrste gongen kring 1800, så i 1839, dernest 1869 og til sist i 1939. Klyngjetunet vart oppløyst ved den fyrste utskiftinga, som ein i dag ikkje har dokument kring. Dei enkelte bruka bygde tun kring ein hovudteig, opp mot og langs dalsida, fjellfoten.

Garden hadde seter (Myklebustsætra) i Øyadalen, til endes for Follestaddalen, og på Myklebustfjellet opp for garden. Setringa tok slutt i 1950.

Eit kraftverk ovan om garden kom i drift i 1919, då ein nytta vatn frå Fjellelva (elva frå Myklebustfjellet). Verket leverte straum til alle husstandane på Myklebust og var operativt til 1966. Det er i 2009 bygt eit nytt kraftverk her.

Fv 55 er tilkomst for Myklebust.

Folketal: endre

  • 1801: 29 personar (5 heimar)
  • 1865: 55 personar (8 heimar)
  • 1900: 45 personar (7 heimar)

Kjelder endre

  • Øye, Asbjørn: Follestaddalen i farne dagar, Stend 1983
  • Folketeljingar for 1801, 1865 og 1900