Follestaddalen er eit dalføre i Ørsta kommuneSunnmøre. Dalen tek til ved Høgebrua og går i nordleg lei til matrikkelgarden Kolås på vestsida av Follestaddalselva. Mellom Høgebrua og Kolås er det om lag 8 km. Ved Kolås kløyver dalføret seg i to seterdalar, Romedalen som går mot nordvest, og Øyadalen som går mot nordaust.

Kolåstinden i Follestaddalen

Naturen endre

Frå framom Barstad og Moane er dalen nokolunde jambrei, 5-600 m. Dalbotnen er rett så flat, særleg dei fremste delane av dalføret. Også stigninga i dalbotnen er liten, frå Rebbestadvadet til Kolås er det ingen stryk i Follestaddalselva. Sett vekk frå gardsbruka på Kolås, ligg busetnaden på 90-110 moh. Jordlaget i den dyrka delen av dalen består av morenejord og litt myrjord.

Fjelltoppane kring dalen varier i høgde frå ca 900 til over 1400 moh. Toppane i vest er Rebbestadhornet, Grøthornet og Årsætrehornet. Kolåstinden ligg dominerande i nord, til endes for dalføret. Aust for Follestaddalen ligg fjella Veirahaldet og Øyahornet (ei aksel av Sandhornet).

Busetnaden endre

Ved Høgebrua, som ligg 5 km frå kommunesenteret i Ørsta, deler hovuddalføret i Ørsta seg i Åmdalen og Follestaddalen. Matrikkelgardane i Follestaddalen er Moane, Follestad, Myklebust og Øy på austsida, og Barstad, Rebbestad, Fyldal, Langstøyl, Årsæter og Kolås på vestsida.

Landbruk med vekt på mjølkeproduksjon, noko sau og gris, har vore hovudnæring i Follestaddalen. Dei siste femti åra har alt fleire pendla til yrkesarbeid i bygdesenteret i Ørsta, og etter kvart til den nærliggjande Volda-byen.

Vegar endre

Fylkesveg 55 i Møre og Romsdal tar av frå Riksveg 655 på begge sider av Høgebrua i Ørsta og går rundt Follestaddalen. Midt framme i dalen går det veg over dalen. Frå Kolåsen går det kommunal veg over Standaleidet til Storestandal ved Hjørundfjorden. Frå Kolåsen går det også privat veg til Romedalen.

Kjelde endre

  • Asbjørn Øye: Follestaddalen i farne dagar, Stend 1983