Myllarheimen er eit musikkhistorisk museum i Vinje kommunehusmannsplassen Kosi på garden Øygarden i Arabygdi. Her budde Myllarguten, spelemannen Torgeir Augundsson, dei siste åra av livet sitt fram til han døydde i 1872.

Myllarheimen i Arabygdi
Foto: Jan-Tore Egge

I 1852 kjøpte Myllarguten Øygarden, etter å ha tent godt på konsertar i Christiania og Bergen. Men han var ingen god bonde eller økonom, og ti år seinare måtte han selja garden. Likevel heldt han av ein husmannsplass til seg sjølv.

Kunstnaren Harald Kihle kom i 1949 med ei oppmoding om å ta vare på minne etter Myllarguten. Rauland kommune kjøpte husmannsplassen og ved dugnad vart husa sette i stand og saker som hadde høyrd til Myllarguten vart samla inn.

I 1969 vart det avduka eit minnesmerke utført av Dyre Vaa.

Bakgrunnsstoff endre