Myrfjorden

fjord i Måsøy i Finnmark

Myrfjorden (samisk Sieddevuotna) er ein fjord i Måsøy kommune i Finnmark. Fjorden ligg like sør for Havøysund og strekkjer seg 4 km austover til botn av fjorden.

Myrfjorden
fjord
Land  Noreg
Fylke Finnmark
Kommune Måsøy
Kart
Myrfjorden
70°57′32″N 24°34′08″E / 70.95893°N 24.56898°E / 70.95893; 24.56898

Fjorden har innløp mellom Nipa i nord og Nebben i sør. Fjorden er 68 meter på det djupaste om lag midt i fjorden. Det ligg to holmar i fjorden, Nipholmen heilt ute og Høyholmen eit godt stykke inn i fjorden. Heilt inst ligg det eit par hus på sørsida av fjorden. 70°57′36.522″N 24°36′21.391″E / 70.96014500°N 24.60594194°E / 70.96014500; 24.60594194