Opna hovudmenyen

Koordinatar: 57°39′8.5752″N 14°41′40.405″E

Nässjös byvåpen
Nässjö jarnbanestasjon

Nässjö er ein svensk by og administrasjonsstad i Nässjö kommun i Jönköpings län i landskapet Småland, 40 km søraust for Jönköping. I 2011 hadde staden 16 678 innbyggjarar.

HistorieEndra

Nässjö fekk byrettar i 1914, men historia til staden strekkjer seg attende til 1864 då det blei avgjorde å bygge jernbane, Södra stambanan, ved byen som sidan har vore kjend som eit viktig jernbaneknutepunkt. Nässjö er i dag den einaste staden i Sverige der seks ulike jernbanelinjer møter kvarandre. Den første jernbanestasjonen i byen var òg den første offentlege bygningen her, teikna av Adolf W. Edelsvärd, som òg deltok aktivt i byplanlegginga og utforminga kring stasjonsområdet.

I dag finst det eit jernbanemuseum, ‘Nässjö Järnvägsmuseum’, som viser historia til Nässjö som jernbaneby, men i tillegg òg svensk jernbanehistorie generelt.

Fram til 1981 eksisterte Nässjö bryggeri som bl.a. brygga det klassiske ølet Fat 21.

SportEndra

Nässjö er ein by med tradisjonar for bandy, og folkesetnaden drar gjerne til Skogsvallen for å støtte det lokale laget, Nässjö IF.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra