Nærøy skipreide

Må ikkje forvekslast med Nerøy skipreide på Sunnmøre.

Nærøy skipreide var ei av atten skipreider i Sogn.[1] Ho femna om Undredal sokn (medrekna den seinare utskilde Nærøy sokn) i noverande Aurland kommune og Oppheim sokn i noverande Voss kommune.

Dyrdal i Nærøyfjorden har vore tingstad i Nærøy skipreide.

1773 vart Oppheim sokn overflytta til Vangen tinglag i i Søndre Bergenhus amt (seinare Hordaland fylke).[2] i begynninga av 1800-talet vart skipreidene på Vestlandet avløyste av tinglag , og Nærøy skipreide vart nemnd Nærøy tinglag. 1890 vart tinglaget oppløyst og lagt til Aurland tinglag.[3]

Fotnotar

endre

Bakgrunnsstoff

endre