Nílton Santos

brasiliansk fotballspelar

Nílton Reis dos Santos (16. mai 192527. november 2013) var ein brasiliansk fotballspelar som i alle sine år som aktiv spelte for klubben Botafogo i heimbyen Rio de Janeiro. Han vart verdsmeister for Brasil i 1958 og 1962.

Nílton Santos
Fødd 16. mai 1925
Fødestad Rio de Janeiro
Død 27. november 2013
Dødsstad Rio de Janeiro
Nílton Santos nummer fem i bakre rekke etter VM-finalen i Stockholm, 29. juni 1958

Venstrebacken Santos debuterte på Botafogo då han var 15 år gammal og spelte sin siste kamp då han var 51 år. Gjennom dei 36 åra han var aktiv spelte han 1004 kampar for klubben, og vann ein brasiliansk meistertittel; 1968.

Mellom 1945 og 1968 spelte Santos 75 landskampar for Brasil og skåra tre landslagsmål. Han deltok i alle fire versdmeisterskapane i tida 1950 til 1962. Både i 1958 og 1962 vart han verdsmeister for Brasil, dei to fyrste VM-titlane det brasilianske landslaget tok heim.

Kjelder endre