Nøvedalstinden
Nøvedalstinden er ein 1244 moh høg fjelltopp i Ørsta på Sunnmøre. Nøvedalstinden har namn etter fjelldalen Nøvedalen, og er eit grannefjell til Grøtdalstindane. I Bondalen er det vanleg å kalle fjellet for Høgeristinden.
Britane A.W.S. Brown og Charles W. Patchell kleiv, som dei fyrste, til topps på Nøvedalstinden den 8. august 1908.