Nürenberggran er ein gammal norsk måleining for vekt, brukt i apoteka.

Ein nürenberggran var 1/20 scrupel, det vil sei 62 milligram.

Den tilsvarande britiske og amerikanske masseeininga er grain, som har symbolet gr. 1 gr = 1/7000 lb avdp = 1/5760 lb tr = 1/5760 lb ap = 64,7989 mg. Grain er den einaste masseeininga som er felles for dei tre britiske masseeiningssystema. Han har vore legal eining i England sidan han kring 1200 vart lovfesta som 1/32 pennyweight, som igjen var definert som massen av 32 modne kveitekorn teken midt på akset.

Tilsvarende masseininga med liknande namn har vore bruk i fleire land. Frå oldtida kjenner ein arabiske quamha (kveitekor) og romersk grano, begge ca. 50 mg. Som masseining for perler og edelsteinar nyttast metrisk graine = 50 mg = 1/4 karat.

Kjelder endre