Aks er ein blomestand der blomane sit utan skaft på ein forlenga midtakse. Dette er den enklaste blomestandetypen. Artar som kveite, rug og andre kornartar og gras er døme på aksberande plantar.

Umogne aks frå bygg, kveite og rug

Blomane opnar seg vanlegvis nedanfrå og oppover i akset, slik at det blir meir tid til pollinering. Om akset er svært kort, blir det kalla «hovud». Ein klase er i prinsippet også eit aks, men der har blomen ein stilk inn til hovudaksen.[1]

Kjelder endre

  1. Marjorie Blamey og Christopher Gery-Wilson (Norsk utgave ved Thorbjørn Faarlund og Per Sunding): Damms store Flora for Norge og Nord-Europa 1992 ISBN 82-512-0355-4 side 17: Blomstenes plassering på plantene.