NAROM

norsk senter for alle utdanningsnivå innan romrelatert opplæring

Nasjonalt senter for romrelatert opplæring (NAROM) er eit eit nasjonalt senter/skulelaboratorium for alle utdanningsnivå innan romrelatert opplæring i Andøy kommune i Nordland.

NAROM er samlokalisert med Andøya Rakettskytefelt, og vart offisielt opna den 20. oktober 2000 av dåverande statsråd Trond Giske frå Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet.

NAROM skal bidra til at ein når nasjonale mål for romrelatert undervisningsverksemd. I samarbeid med utdanningsinstitusjonar, utdanningsstyresmakter, romrelatert industri og andre, skal NAROM utvikle og gjennomføre romrelaterte opplæringstiltak, seminar og konferansar for alle utdanningsnivå.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre