NGC 6786 og LEDA 62867 er eit par av vekselverkande galaksar som ligg rundt 350 millionar lysår unna jorda i stjernebiletet Draken. Galaksane er enno ikkje i fysisk kontakt, men har gjennom gravitasjon allereie påverka utsjånaden til kvarandre. I 2004 blei det observert ein supernova i ein av galaksane.

Hubble-bilete av NGC 6786 (høgre) og LEDA 62867 (venstre). LEDA 62867 vil sannsynlegvis med tida bli slukt av NGC 6786.

Kjelder endre