Norges Kristelige Student- og Skoleungdomslag

(Omdirigert frå NKSS)

Norges Kristelige Student- og Skoleungdomslag (NKSS), ofte berre kalla Laget, er ein kristen elev- og som driv arbeid på skular og studiestader i heile Noreg. Han blei skipa i 1924 av mellom anna Carl Fredrik Wisløff og Ole Hallesby i samband med den lange og pågåande kyrkjestriden. NKSS høyrte til den meir konservative og pietistiske fløya av Norges kristelige studentforbund, men braut ut fordi forbundet hella mot liberal teologi.

Norges Kristelige Student- og Skoleungdomslag

Typeforening/lag/innretning
Org.nummer971524650
Skipa12. mars 1924
HovudkontorHolbergs plass
LeiarKarl-Johan Kjøde
Medlemmer4 000
Motto«Vi vil gjøre Jesus kjent på alle skoler og studiesteder i Norge så han blir trodd, elsket og etterfulgt.»
Nettstadhttp://nkss.no Sjå dette på Wikidata

I Noreg er det om lag 230 registrerte skulelag på ungdomsskular, vidaregåande skular og høgskular, med omtrent 4 000 medlemmer.[1] Lokallaga kan ha jamlege møter eller halda arrangement som «Godhetsuka»[2] eller «Skepsisuka».[3] Laget sin visjon er å gjere Jesus kjend på skular og studiestader, under parolen: «så Han blir trodd, elsket og etterfulgt».[1]

NKSS er ein del av den internasjonale lagsrørsla International Fellowship of Evangelical Students (IFES).[4]

Historie

endre

NKSS blei stifta i 1924, og det er mogleg å visa til to ulike årsaker. Med bakgrunn i kyrkjestriden braut ei gruppe studentar med Norges kristelige studentforbund.[5] Samtidig ønskte studentlagsformannen Gunnvald Kvarstein ei åndelig fornying blant dei kristne medstudentane sine.

Organisasjonen utvida seg raskt. Allereie hausten 1924 blei Oslo Kristelige Gymnasiastlag stifta og tilslutta Studentlaget som sjølvstendig lag.[6] Stadig nye lag slutta seg til. I 1932 hadde organisasjonen vorte så stor at det kravde fastare organisering, og ein såg seg i stand til å tilsette ein sekretær på deltid for to år. Carl Fr. Wisløff fekk stillinga.[7] På same tid blei det danna eit landsråd for alle dei tilslutta laga, og landsrådet skulle bygge på evangelisk-luthersk grunn.[8] Denne lutherske forankringa i toppleddet har ikkje vore til hinder for å ville samle kristne studentar og skuleungdom frå ulike kyrkjesamfunn.

Litteraturarbeid

endre

Laget har gitt ut Credo Studentmagasin frå 1933. Same året blei også Credo Forlag etablert.

Det er gitt ut to jubileumsbøker, ved 70-årsjubileet og 100-årsjubileet.[9]

  • Vidar Kristensen: Lagsfolk – Norges Kristelige Student- og Skoleungdomslag 1924–1994
  • Karl-Johan Kjøde: Laget – Norges Kristelige Student- og Skoleungdomslag 1924-2024

Generalsekretærar

endre

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 «Om laget» (på norsk bokmål). NKSS. Henta 28. desember 2023. 
  2. «Godhetsuka», Godhetsuka (på norsk), henta 3. oktober 2024 
  3. «Skepsisuka», Veritas Norge (på norsk), henta 3. oktober 2024 
  4. «Norges_Kristelige_Student-_og_Skoleungdomslag» i Store norske leksikon, snl.no.
  5. «Norges Kristelige Legeforening åpner for tannleger». Den norske tannlegeforenings Tidende 126 (4). 14. april 2016. ISSN 1894-180X. doi:10.56373/2016-4-18. 
  6. Vidar Kristensen, Lagsfolk, Credo forlag, 1993, s. 19
  7. Vidar Kristensen, Lagsfolk, Credo forlag, 1993, s. 24
  8. Lagsbevegelsen gjennom 40 år, Credo forlag, 1964, s.47
  9. «Laget 1924-2024» (på norsk bokmål). NKSS. Henta 3. oktober 2024. 

Bakgrunnsstoff

endre