Jens-Petter Johnsen

norsk prest og politikar

Jens-Petter Johnsen (fødd 10. desember 1948) er ein norsk prest som var direktør i Kyrkjerådet 1. juni 2006 til 2018. Stillinga som kyrkjerådsdirektør er tillagt ansvaret som øvste administrative leiar av verksemda i det felles sekretariatet for Kyrkjerådet, Mellomkyrkjeleg råd og Samisk kyrkjeråd. Kyrkjerådet er Kyrkjemøtets førebuande og iverksetjande organ og leier arbeidet mellom samlingane i Kyrkjemøtet.

Jens-Petter Johnsen
Jens Petter Johnsen1.jpg
PartiKristeleg Folkeparti
Fødd10. desember 1948

Johnsen har i to periodar arbeidd i Norges Kristelige Student- og Skoleungdomslag (NKSS), først som leiartreningssekretær (1975–1979) og assisterande generalsekretær (1979–1982). Etter fem år som kapellan i Jar sokn i Bærum, kom Johnsen tilbake til NKSS som generalsekretær i perioden 1987–1999. Fram til 2006 var han sokneprest på Lambertseter.

Johnsen har vore formann i Organisasjonenes Fellesråd, medlem av sentralstyret i Kristeleg Folkeparti og medlem av det regjeringsoppnemnde stat/kyrkje-utvalet (Gjønnes-utvalet) 2003-2005.

KjelderEndra