NM i turn 1972 for menn

Noregsmeisterskapen i turn 1972 for menn vart avvikla i Oslo helga 13.–14. mai. Deltakarane tevla i tolvkamp, dobbelt program i alle seks øvingane med både obligatoriske og sjølvvalde program i øvingane.

Åge Storhaug vart noregsmeister for 14. og siste gong. Han vann sju av enkeltøvingane, Truls Pedersen sigra i tre øvingar, medan Trygve Gjerstad var best i ringar obligatorisk og Jan Ørnholt i svingstang sjølvvald.

Tolvkamp

endre
Plass Utøvar Lag Poeng
Gull Åge Storhaug Klepp Idrettslag 104,15
Sølv Truls Pedersen Bergens Turn 103,20
Bronse Jan Ørnholt Oslo Turn 102,50
4. Helge Nilsen Bergens Turn 99,90
5. Gunnar Hansen Laksevåg TIL 87,00


Kjelder

endre