Nadia Elena Comăneci (fødd 12. november 1961) er ein tidlegare turnar frå Onești som representerte Romania. Ho vann mangekampen under Sommar-OL 1976 og i europameisterskapen 1975, 1977 og 1979.

Nadia Comăneci


Nadia Comăneci i 1976.

Statsborgarskap Romania, USA
Fødd 12. november 1961 (63 år)
Onești
Idrett turn
Tok del i gymnastics at the 1976 Summer Olympics – women's artistic individual all-around, gymnastics at the 1980 Summer Olympics – women's artistic individual all-around, gymnastics at the 1976 Summer Olympics – women's balance beam, gymnastics at the 1980 Summer Olympics – women's balance beam, gymnastics at the 1976 Summer Olympics – women's floor, gymnastics at the 1980 Summer Olympics – women's floor, gymnastics at the 1976 Summer Olympics – women's uneven bars
Utmerkingar Silver Olympic Order, BBC World Sport Star of the Year, 100 Women, Hero of Socialist Labour, Associated Press Athlete of the Year, storoffiser av Stjerneordenen, Oklahoma Sports Hall of Fame, Silver Olympic Order

Kariere

endre

Comăneci var ein enorm sensasjon då ho i 1975 i Skien, 13 år og 5 månader gammal, vart eurpameister i mangekamp og sikra seg tre av dei fire gullmedaljane i appratøvingane: bom, hopp og skranke. Under sommarleikane 1976 i Montreal vann ho både mangekampen, i tillegg til bom- og skranke-øvingane. Her vart ho den fyrste turnaren som vart tildelt toppkarakteren 10 i olympiske leikar.

Comăneci forsvarte EM-tittelen i mangekamp i 1977 og 1979. I EM 1977 fekk ho også gullmedalje i skranke, medan ho i EM 1979 tok gull i frittståande og hopp. Ved Turn-VM 1978 vann ho gullmedaljar i bom og med det rumenske mannskapet i lagtevlinga. Under Sommar-OL 1980 i Moskva kom ho på andreplass i mangekampen, før ho så gjekk til topps i bom og frittståande.

I alt sanka Comăneci 9 OL-medaljar, 16 VM og EM-medaljar i tida frå 1975 til 1981.

Under uroa i Romania hausten 1989 rømde ho utanlands. Ho reiste til USA og er sidan 2001 USA-amerikansk statsborgar.

Kjelder

endre