Nadia Fanchini
Nadia Fanchini (fødd 25. juni 1986) er ein italiensk tidlegare alpin skirennar frå Lovere i Bergamo-provinsen. Ho vann bronsemedaljen i utforrennet under VM i alpine greiner 2009, fire år seinare tok ho sølvmedaljen i same øvinga ved verdsmeisteeskapen. I sin beste sesong, 2009-sesongen, vart ho nummer 2 i super-g-øvinga i FIS-turneringa, og enda på niandeplass i den samla verdscupen i alpine greiner. Ho sigra i to enkeltrenn i verdscupen, fyrst vann ho ei super-g-tevlinga i desember 2008, seinare vann ho eit utforrenn i mars 2016.
Nadia Fanchini | |
Statsborgarskap | Italia |
Fødd | 25. juni 1986 (38 år) Lovere |
Idrett | alpint |
Tok del i | Vinter-OL 2006, Vinter-OL 2014 |
Også systera Elena Fanchini hevda seg i internasjonal skisport.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Nadia Fanchini» frå Wikipedia på tysk, den 18. januar 2022.