Nagar Haveli

Nagar Haveli er eit område som utgjer brorparten av det indiske unionsterritoriet Dadra og Nagar Haveli. Det er omgjeve av dei indiske delstatane Gujarat og Maharashtra.[1] Territoriet omsluttar ein liten eksklave frå Gujarat, Maghval, i nordvest.

Nagar Haveli
Nagar-Aveli (portugisisk)
by
Nagar Haveli.jpg
Land Flag of India.svg India
Region Dadra og Nagar Haveli
Tidssone IST (UTC+5:30)

Nagar Haveli
20°11′ N 73°1′ E
Dadra-Nagarhaveli 1956.jpg
Wikimedia Commons: Nagar Haveli

Silvassa, hovudstaden for unionsterritoriet, ligg nordvest i Nagar Haveli. Andre byar i området er Amli, Sili, Saili, Amal, Kanadi, Vasona, Velugam, Dolara og Sindavni.

HistorieEndra

Nagar Haveli var lenge under radjputstyre før området blei del av Maratahariket. Det blei overgjeve til det portugisiske imperiet i 1783 som kompensasjon for eit senka portugisisk skip. Indisk-portugisiske nasjonalistar tok kontroll over Nagar Haveli i august 1954, og sette opp eit pro-indisk styre her og i Dadra. Dei to områda blei gjort til eit felles unionsterritorium i India 11. august 1961.[2]

KjelderEndra

  1. «Dadra & Nagar Haveli». http://dnh.nic.in/. Henta 5/9/2013.  External link in |website= (hjelp)
  2. «Dadra and Nagar Haveli» (2015), Encyclopædia Britannica. Lesen 13. februar 2015.