Nail er ei eldre britisk måleining for lengd. Denne er typisk lik 1/16 yard eller 214 inches, tilsvarande 5,715 centimeter.[1] Nail er eit engelsk ord som kan tyda 'nagl' eller 'spikar'.

Engelske måleiningar for lengd.

Opphavleg skal det ha vore breidda av ei fingernagl (engelsk nail) som var 3/4 tomme eller 1/16 fot. R.D. Connor nemner dette i The weights and measures of England (s. 84) utan å oppgje nokon referanse.[2] Zupko si A dictionary of weights and measures for the British Isles (s. 256) seier at einiing opphavleg var lengda frå tommelenaglar til leddet ved bonten av tommelen, eller frå enden av langfingeren til det andre leddet.[3] Tidleg i mellomalderen fekk det tydinga 1/16 med referanse til yard.

Ei anna forklaring er at eininga fekk namn frå spikrar hamra inn i bordet på ein disk til oppmåling for sal av klede etter lengd.[4][5][6]

Nail er nemnd i skodespelet The Taming of the Shrew av Shakespeare i samband med ein scene hjå ein skreddar:

«

Oh, monstrous arrogance! Thou liest, thou thread,
Thou yard, three-quarters, half-yard, quarter, nail
Thou flea, thou nit, thou winter cricket thou:―
Brav'd in mine own house with a skein of
thread!

»

—Petruchio, Act. IV, Scene 3,[7] The Taming of the Shrew, Shakespeare

Half-yard, quarter og nail er alle inndelingar av yard som blei brukt i oppmåling av klede.[8]

Kjelder

endre
  1. Charles Arnold (1850). The boy's arithmetic. s. 54. Henta 23. januar 2012. 
  2. R. D. Connor (1987). The weights and measures of England. H.M.S.O. s. 84. ISBN 978-0-11-290435-9. Henta 25 January 2012. 
  3. Ronald Edward Zupko (1985). A dictionary of weights and measures for the British Isles: the Middle Ages to the twentieth century. American Philosophical Society. s. 256–7. ISBN 978-0-87169-168-2. Henta 23. januar 2012. 
  4. William White (1874). Notes and queries. Oxford University Press. s. 274. Henta 23 January 2012. 
  5. Bill Gove (2006). Logging railroads of the Adirondacks. Syracuse University Press. s. 31. ISBN 978-0-8156-0794-6. Henta 23 January 2012. 
  6. McClure's magazine. S.S. McClure. 1897. s. 748. Henta 23 January 2012. 
  7. William Shakespeare (1778). The plays of William Shakespeare in ten volumes: with corrections and illustrations of various commentators. Printed for C. Bathurst. s. 272. Henta 25 January 2012. 
  8. Michael W. Shurgot; Margaret E. Owens (1998). Stages of play: Shakespeare's theatrical energies in Elizabethan performance. University of Delaware Press. s. 43. ISBN 978-0-87413-614-2. Henta 14 February 2012.