Namnet Janus
mannsnamn
Janus er eit mannsnamn av latinsk opphav. Janus var ein romersk gud for inngangar og byrjingar som blei avbilda med to andlet. Namnet er også blitt brukt som ei latinisering av Jan eller Johannes.
Namnet har vore ein del brukt i Danmark. I januar 2015 hadde 1305 danskar namnet Janus, ifølgje Danmarks Statistik.[1]
Kjende namneberarar
endre- Janusz I av Warsawa (ca. 1347/52–1429), polsk fyrste
- Janus av Kypros (1375-1432), kypriotisk konge
- Janus Pannonius (1434–1472), ungarsk humanist, diktar og biskop
- Janus Lascaris (ca. 1445-1535), gresk lærd under renessansen
- Johannes Secundus eller Janus Secundus (1511–1536), nederlandsk diktar
- Janus Dousa (eigentleg Jan van der Does), 1545-1604), nederlandsk statsmann, krigar og forfattar
- Janusz Radziwiłł (1579–1620), polsk adelsmann
- Janusz Radziwiłł (1612–1655), polsk adelsmann
- Janus Lauritz Andreas Kolderup-Rosenvinge (1792–1850), dansk jurist
- Janus la Cour (1837–1909), dansk målar
- Janus Laurentius Ridter (1854–1921), dansk kunstnar
- Janus Lauritz Kolderup Rosenvinge (1858–1939)), dansk botanikar
- Janusz Radziwiłł (1880–1967), polsk adelsmann og politikar
- Janus Djurhuus (1881-1948), færøysk diktar
- Janus Kamban (1913–2009), færøysk bilethoggar
- Bengt Janus eller Bengt Janus Nielsen (1921–1988), dansk forfattar
- Janusz Korwin-Mikke (f. 1942), polsk politikar
- Janus Billeskov Jansen (f. 1951), dansk filmklippar
- Janusz Kamiński (f. 1959), polsk kinematograf og filmregissør
- Janus Nabil Bakrawi (f. 1974), dansk skodeselar
- Janus Friis (f. 1976), dansk IT-entreprenør
- Etternamn
- Martin Janus (ca. 1620–ca. 1682), tysk kyrkjemusikar, salmediktar og prest
- Jadwiga Janus (f. 1931), polsk bilethoggar
- Samantha Womack (f. Samantha Janus, 1972), engelsk skodespelar
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Janus (drengenavn)» frå Wikipedia på dansk, den 4. august 2017.