Namnet Mai

kvinnenamn

Mai, Maj og May er kvinnenamn og slektsnamn av ulike opphav, ofte knytt til månaden mai. Mai har norsk namnedag den 7. mai, medan Maj har svensk namnedag den 19. mai.

Den japanske kunstløparen Mai Asada.
Den australske landhockeyspelaren May Campbell.

Tydingar endre

Namnet kan vera ei nordisk, opphavleg svensk kortform av Maria. Det er i denne samanhengen i slekt med Maia og Mia.

Det engelske namnet May kan stamma frå månaden mai (eng. May), eit namn på hagtorn og som ei kjæleform av Mabel, Mary og Margaret. May kan også vera eit engelsk slektsnamn.

Mai er eit vietnamesisk kvinnenamn og slektsnamn som betyr ‘gyllen blom’, og viser til blomane på treet Ochna integerrima som blir brukt som lukkesymbol under vietnamesisk nyårsfeiring.

Det kan brukast av hmongfolk om den einaste eller yngste dottera i ein familie. Det er også eit japansk kvinnenamn som tyder 'dans'.

Mài er eit kinesisk slektsnamn (麥 med tradisjonell kinesisk skrift).

Namneberarar endre

Kjelder endre