Namnet Storm

mannsnamn

Storm er eit mannsnamn, med opphav i det norske ordet storm, kraftig vind, eller norrønt stormr med same tyding. Storm blei opphavleg brukt som eit tilnamn.

Sturm er ei tysk form av namnet. Det tilsvarande kvinnenamnet er Storma.

Bruken av namnet i NoregEndra

Namnet Storm er kjend frå midt på 1800-talet, men som første førenamn har namnet vore sjeldant heilt til populariteten fekk eit kraftig oppsving etter år 2000.

  • Ved folketeljinga i 1801 var ingen registrerte med førenamnet Storm
  • Ved folketeljinga i 1900 var 78 registrerte med namnet Storm, dei fleste som mellomnamn, men mange med Storm som einaste førenamn – dei aller fleste i Kristiania
  • I 2008 var det 398 menn som hadde Storm til første fornamn

SSB har ikkje opplysningar om at kvinnenamnet Storma er i bruk i dag, men i 1900 var to kvinner registrerte med dette namnet.

Kjende namneberararEndra

Annan brukEndra

  • Storm er ein rollefigur i fjernsynsserien Hotel Cæsar
  • Storm var eit norsk metallband

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra