Opna hovudmenyen

Per Palle Storm

norsk bilethoggar

Per Palle Storm (1. desember 19106. januar 1994) var ein dansk-norsk bilethoggar som arbeidde i ein naturalistisk stil.

Per Palle Storm
Fødd 1. desember 1910
København
Død

6. januar 1994
Oslo

Yrke bilethoggar, professor
Ein av seks Storm-skulpturar ved Oslo Rådhus

Storm var fødd i København, men voks opp i Buenos Aires der han i 1927-29 var elev av to ulike skulptørar. I 1930 kom han til Noreg og studerte på Statens Kunstakademi under Wilhelm Rasmussen fram til 1933. Han debuterte på Høstutstillingen i 1934. I 1947 vart han utnemnd til professor ved Statens Kunstakademi, ei stilling han beheldt til 1980.

Storm var ein leiande bilethoggar i Noreg i sin generasjon. Arbeida hans vart forma i den naturalistiske stiltypen. Han forma den fyrste myntrekka som vart utgjeven under kong Olav V. Myntrekka, som vart prega frå 1958 til -73, braut med gjengs formuttrykk då baksida av myntane var fri for rikssymbol, men i staden hadde naturalistiske dyrebilete. Baksida av krona viste ein hest, 50-øringen ein elghund, 25-øringen ei meis, 10-øringen ei bie, 5-øringen ein elg, 2-øringeen ein orrhane og 1-øringen eit ikorn. I 1967 fekk Storm på 2. pris for sitt bidrag til Haakon 7.-monumentet i Oslo, ei tevling som vart vunne av Nils Aas, Storms meste kjende elev.

Storm, som var Riddar av 1. klasse av St. Olavs orden og Riddar av den danske Dannebrogordenen, døydde i Oslo, 83 år gammal.

KjelderEndra