Opna hovudmenyen
Plasseringa av Nanchangoppstanden og andre konfliktar i Kina.

Nanchangoppstanden (kinesisk南昌起义, Nánchāng Qǐyì) var det første større væpna samanstøytet mellom Kuomintang og Det kinesiske kommunistpartiet under den kinesiske borgarkrigen. Konflikten braut ut 1. august 1927 då kommunistar organiserte seg mot Kuomintang og heldt byen i eit par dagar.

Kommunnistane var leia av He Long og den seinare premierministeren Zhou Enlai. Dei stridande gruppene danna seinare kjernen av Folkets frigjeringshær i Kina, og datoen er seinare blitt rekna som grunnleggingsdagen for hæren.[1]

KjelderEndra

  1. «Nanchang», Encyclopædia Britannica (Encyclopædia Britannica, inc.), 28. april 2017 
  Denne historieartikkelen som har med Kina å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.