Nanjing
Nanjing (uttalt /nantʃiŋ/) eller tidlegare Nanking er ein by og regionshovudstad i provinsen Jiangsu i Folkerepublikken Kina. Samtidig er Nanjing framleis offisielt rekna som hovudstad i Republikken Kina som i dag berre ligg på øya Taiwan.
南京 (pinyin Nánjīng) | |
---|---|
Andre namn | Wade-Giles-transkripsjon Nan-ching, postromanisering Nanking. |
Tidlegare namn | Jinling (金陵) Jiangning (江宁), Tianjing (天京) |
Frå Nanjing. | |
Styresmakter | |
Land | Folkerepublikken Kina og Republikken Kina |
Geografi | |
Flatevidd | 6 587,02 km² |
Flatevidd - By |
6598 km² |
Innbyggjarar - By (2009) - folketettleik |
7 713 100 1123,5/km² |
Koordinatar | 32°03′N 118°46′E / 32.050°N 118.767°E |
Høgd over havet | 15 m |
Tidssone | Beijing-tid (UTC+8) |
Diverse anna | |
Postnummer | 210000 - 211300 |
Telefon-retningsnummer | 25 |
Heimeside: https://www.nanjing.gov.cn/ | |
Nettstad: www.nanjing.gov.cn |
Historie
endreByen ligg ved sørbreidda av Chang Jiang og har tradisjonelt vore eit viktig senter i Aust-Kina. Ein reknar med at han var verdas største by rundt år 1400.
I 1937 fann dei såkalla Nanjing-massakrane stad i og rundt byen då den japanske hæren drap mellom 40 000 og 300 000 menneske. Dette er ei hending som framleis tyngjer tilhøvet mellom Kina og Japan.
Etter den kommunistiske overtakinga i 1949, vart Nanjing utbygd med diverse ulike industriverksemder. I dag finst det òg bilfabrikkar her.
Administrasjon
endreLeiaren for lokallaget av Kinas kommunistparti er Zhang Jinghua, og borgarmeisteren er Han Liming (2020).
Kjelder
endre- Bokmålswikipedia om Nanjing, henta inn 10. mars 2011.
- «Nanjing» i Store norske leksikon, snl.no.