Napoprovinsen
Napo (spansk Provincia del Napo) er ein av 22 provinsar i Ecuador. Han ligg i Oriente, den austre delen av Ecuador som òg er ein del av Amazonasbassenget i Sør-Amerika. Provinsen har namn etter elva Napo som flyt gjennom provinsen og som tar imot vatn frå dei fleste andre elvar i provinsen.
Napo | |||
provins | |||
|
|||
Land | Ecuador | ||
---|---|---|---|
Hovudstad | Tena | ||
Areal | 12 542,5 km² | ||
Folketal | 131 675 (2022)[1] | ||
Grunnlagd | 1953 | ||
Napoprovinsen 0°40′00″S 77°56′00″W / 0.66666666666667°S 77.933333333333°W | |||
Kart som viser Napoprovinsen.
| |||
Wikimedia Commons: Napo Province |
Han grensar mot Sucumbíos i nord, mot Orellana i aust, mot Pastaza i sør, mot Pichincha i sørvest og mot Cotopaxi og Tungurahua i vest.
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 «Principales resultados» (på spansk). Henta 26. september 2023.