Narni er ein by og ein kommune i provinsen Terni i regionen Umbria i Italia. Kommunen har 20 000 ibuarar og dekker eit areal på 198 km². Byen ligg 240 meter over havet, med utsyn over Nera-dalen, 10 km sørvest for provinshovudstaden Terni.

Utsyn over Narni

Byen, som er minst 2 600 år gammal, vart erobra av romarriket i 299 fvt. Narni hadde si stordomstid frå 1000-talet og eit par-tre hundre år framover. Etter å ha vorte lagd i oske under eit slag i 1525, har Narni stått i skuggen av grannebyen Terni.

Kjelder endre