Narratologi
Narratologi er læra om korleis forteljingar er bygde opp, og er såleis ei grein av litteraturvitskapen. Moderne narratologi tar utgangspunkt i Vladimir Propps og Gerard Genettes teoretiske arbeid. Viktige omgrep innanfor narratologien er til dømes diegesis, tid (iterativitet, durasjon) og karakter.