Litteraturvitskap

Litteraturvitskap er eit vitskapleg fag som gjeld utforskinga og forståinga av litterære tekstar og det materialet som det elles er trong for i denne samanhengen. Hovudsakleg tek litteraturvitskappen for seg skjønnlitterære tekstar, og det kan i seg sjølv vere eit litteraturvitskapleg problem å finne fram til kvar grensene går mellom slikt materiale som skal liggje innanfor eller utanfor faget. Men ein tendens i tida er å nytte litteraturvitskapleg metode for å granske tekstar som ikkje er reint skjønnlitterære.[1]

Til litteraturvitskapen, som kan femne om litteratur frå ulike epokar og språkområde, høyrer analyser og tolkingar av tekstane, og litteraturteoretiske problem, litteratursjangrar, litteraturhistorie og litteraturteori. Eit skilje går mellom den forskinga som for det meste berre held seg til sjølve teksten som vert granska, og den forskinga som ikkje berre ser på sjølve teksten, men òg dreg inn den konteksten eller samanhengen som teksten høyrer heime i.

Det teoretiske grunnlaget som litteraturvitskapen byggjer på, er og har vore mangfaldig og særs variert og ulikt. Både historiske, psykologiske, sosiologiske og andre teoriar og metodar har vore nytta for å forstå og forklare bakgrunnen og opphavet til eit litterært verk, eller for å tolke innhaldet i verket. Lingvistiske og stilistiske metodar har vore nytta i analyser som er meir direkte retta mot sjølve teksten. Av di litteraturvitskap både er knytt til språk- og litteraturstudia, og det i mange land er eigne forskingsmiljø innan ålmen litteraturvitskap og samanliknande litteraturvitskap, kan ulike metodar utdjupe og utfylle kvarandre. Litteraturvitskapleg forsking kan soleis ha basis i til dømes fransk eller engelsk skjønnlitteratur, og gå ut på samanlikningar av ymse slag, eller på teoriane og metodane i litteraturforskinga.

Ettersom litteraturhistoria var dominerande innanfor faget tidlegare, var det forskarar innanfor litteraturhistora som vart dei mest kjende litteraturvitskaplege forskarane. No er dei mest kjende helst teoretikarar eller spesialistar på ein av litteratursjangarane, litteraturen i ein tidsbolk eller den litteraturen som ein einskild forfattar står attom. Fleire av dei internasjonalt viktige forskarane i faget har òg andre vitskaplege fag enn litteraturvitskap som sin basis, til dømes lingvistikk eller filosofi.

Kjelder endre

  1. Skei, Hans H. (7. november 2019). «litteraturvitenskap». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 

Bakgrunnsstoff endre