Nasebein

andletsknokkel

Nasebeina (lat. os nasale) er to avlange knoklar av varierande storleik og form, som ligg side om side i den øvre midtdelen av andletet. Begge knoklane har to overflater og fire grenser.

Nasebeinet er vist øvst til venstre og er merka i raudt

Struktur endre

Overflater endre

Den ytre overflata er konkavokonveks frå toppen til botnen og konveks frå side til side; den er dekt av procerus-muskelen og den transversale delen av musculus nasalis, og er perforert i midten av ein foramen, der ei lita vene passerer.

Den indre overflata er konkav frå side til side, og er kryssa frå topp til botn av eit spor for passasjen av ei grein av nervus nasociliaris.

Artikulasjonar endre

Nasebeinet artikulerer med fire bein. To av dei ligg i hjerneskallen: pannebeinet og silbeinet; dei siste to ligg i andletsskjelettet: det motsette nasebeinet og overkjeven.

Fleire bilete endre

Sjå òg endre

Kjelder endre

  Denne anatomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.