Nashville String Machine
Nashville String Machine er eit musikalsk kollektiv som består av studiomusikarar basert i Nashville i USA. Medlemmane har spelt i lag på innspelingar sidan 1972 og fram til i dag,[1] sjølv om gruppa ikkje vart formelt kalla «The Nashville String Machine» før 1981.[2]
Nashville String Machine | |||
Opphav | Nashville i USA | ||
---|---|---|---|
Aktiv | Sidan 1981 |
Gruppa vart skipa av fiolinisten og konsertmeisteren Carl J. Gorodetsky (f. 1936/7) og kona og fiolinisten Carol W. Gorodetsky (f. 1937). Dei har henta inn arrangørar, musikarar og studiostøtte ved behov og har kunne handtere orkester på opp mot 80 mann.[3]
Sidan talet på orkestermedlemmar varierer frå prosjekt til prosjekt, er det varierande kven som er medlemmar i kollektivet. Fire medlemmar i ensemblet har vore med sidan 1981:
- Carol W. Gorodetsky – fiolin
- Pam Sixfin – fiolin
- Gary Vanosdale – bratsj
- Craig Nelson – arco bass.[2]
Nettsida AllMusic har ført opp minst 1 171 album der «The Nashville String Machine» er oppført som musikarar.[1]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Nashville String Machine» frå Wikipedia på engelsk, den 21. november 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 allmusic.com, Credits
- ↑ 2,0 2,1 discogs.com, The Nashville String Machine
- ↑ «Nashville String Machine - Welcome!». NashvilleStringMachine.com. Henta 23. november 2017.