Nasjonalt senter for læringsmiljø og atferdforskning
Nasjonalt senter for læringsmiljø og åtferdsforsking (Læringsmiljøsenteret) blei oppretta 1. januar 2013, då Senter for åtferdsforsking (SAF) og Lillegården kompetansesenter blei slått saman. Senteret er ei eining ved det Humanistiske fakultetet ved Universitetet i Stavanger, og har ei avdeling i Stavanger og ei i Porsgrunn.
Læringsmiljøsenteret skal bistå nasjonale utdanningsstyresmakter med råd og tenester, bidra til å realisera satsingane til staten i utdanningspolitikken gjennom kompetanseutvikling og bidra til auka kvalitet i læringsmiljø for barnehagebarn, elevar, lærlingar og vaksne. Dette skal gjerast gjennom fagleg utvikling, forsking, utadrettet verksemd og undervising.
Læringsmiljøsenteret er eit av fleire nasjonale senter innanfor utdanning.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Nasjonalt senter for læringsmiljø og atferdforskning» frå Wikipedia på bokmål, den 7. november 2015.
Bakgrunnsstoff
endre- Forskingsprosjekt
- Mobbeforskningsprosjektet STIGMA Arkivert 2016-03-06 ved Wayback Machine.
- Skoleklar Arkivert 2016-03-07 ved Wayback Machine.
- Agderprosjektet Arkivert 2016-03-06 ved Wayback Machine.
- CIESL-prosjektet Arkivert 2016-01-06 ved Wayback Machine.