Nasridedynastiet
(Omdirigert frå Nasrid-dynastiet)
Nasridedynastiet var det siste muslimske dynastiet i Spania. Det blei grunnlagt av Muhammed ibn Nasr i 1238 og tilhøyrde slekta al-Ahmar. Medlem av slekta blei difor kalla alahmarar. I blømingstida til dynastiet oppførte ein mellom anna det kjende palasset Alhambra i Granada, der nasridene hadde hovudstad. I 1492 blei den regjerande sultanen, Muhammad XII eller Boabdil, overvunnen av det kristne spanske kongeriket under Ferdinand og Isabella.
Liste over nasrideherskarar
endre- Muhammed I ibn Nasr (1238–1272)
- Muhammed II al-Faqih (1273–1302)
- Muhammed III (1302–1309)
- Nasr (1309–1314)
- Ismail I (1314–1325)
- Muhammed IV (1325–1333)
- Yusuf I (1333–1354)
- Muhammed V (1354-1359, 1362-1391)
- Ismail II (1359–1360)
- Muhammed VI (1360–1362)
- Yusuf II (1391–1392)
- Muhammed VII (1392–1408)
- Yusuf III (1408–1417)
- Muhammed VIII (1417-1419, 1427-1429)
- Muhammed IX (1419-1427, 1430-1431, 1432-1445, 1448-1453)
- Yusuf IV (1432)
- Yusuf V (1445-1446, 1462)
- Muhammed X (1446–1448)
- Muhammed XI (1453–1454)
- Said (1454–1464)
- Abu l-Hasan Ali, kjent som Muley Hacén (1464-1482, 1483-1485)
- Abu 'abd Allah Muhammed XII, kjent som Boabdil (1482-1483, 1486-1492)
- Abū `Abd Allāh Muhammed XIII, kjent som El Zagal (1485–1486)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Nasrider» frå Wikipedia på bokmål, den 27. august 2022.