Natalja Kutsjinskaja
Natalja Aleksandrovna Kutsjinskaja (fødd 8. mars 1949) er ein russisk tidlegare turnar frå Leningrad som representerte Sovjetunionen. Ho vann tre gullmedaljar ved Turn-VM 1966 og to i Sommar-OL 1968.
Natalja Kutsjinskaja | |
Statsborgarskap | Sovjetunionen |
Fødd | 8. mars 1949 (75 år) St. Petersburg |
Idrett | turn |
Tok del i | gymnastics at the 1968 Summer Olympics – women's artistic individual all-around, gymnastics at the 1968 Summer Olympics – women's balance beam, gymnastics at the 1968 Summer Olympics – women's floor |
Utmerkingar | Idrettens mester i Sovjetunionen |
17 år gammal vann Kutsjinskaja medalje i alle seks tevlingane ved verdsmeisterskapen i Dortmund hausten 1966. Ho vann øvingane bom, frittståande og skranke, medan det vart sølv i mangekampen bakom Věra Čáslavská og i lagkampen, samt bronse i hopp. Året etter fekk ho med seg to sølvmedaljar frå europameisterskapen i Amsterdam. Under dei olympiske sommarleikane 1968 i Mexico-byen vart ho olympisk meister på bom og i lagkampen med Sovjetunionen. I tillegg tok ho bronse i mangekampen og i frittståande.
Ho utvandra til USA i 1990-åra.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Natalja Alexandrowna Kutschinskaja» frå Wikipedia på tysk, den 11. mars 2024.
- «Nataliya Kuchinskaya» (på engelsk). Olympedia.org. Henta 20. april 2024.