National Geographic Channel

National Geographic Channel er ein TV-kanal som sender program laga av National Geographic Global Networks og andre produksjonsselskap med faktainnhald knytt til natur, vitskap, kultur og historie, i tillegg til nokre reality- og pseudovitskaplege underhaldningsprogram.

National Geographic Channel

Lansert2001
Eigd avNational Geographic Global Networks
LandUSA
HovudkontorWashington
Nettstadhttps://www.nationalgeographic.com/tv/

Kanalen har The Walt Disney Company og National Geographic Society som eigarar.[1]

Historie

endre

National Geographic er eit kjent amerikansk tidsskrift. Kanalen vart lansert i Europa og Australia i september 1997. Den amerikanske TV-kanalen vart lansert i USA den 7. januar 2001,[2] som ein joint venture mellom National Geographic Television & Film og Fox Cable Networks.

I Noreg er kanalen tilgjengeleg hos dei fleste norske tv-distributørar.

Kjelder

endre
  1. Littleton, Cynthia (19. mars 2019). «Disney Closes $71 Billion 21st Century Fox Deal». Variety. Henta 3. april 2019. 
  2. «Doctoring the Health Channel» (PDF). Broadcasting & Cable. 8. januar 2001. s. 12. Henta 8. august 2021.