Neckarsulm
Neckarsulm er ein by og ein kommune nord i forbundslandet Baden-Württemberg i Tyskland, ei 5-6 km nord for sentrum av Heilbronn. Kommunen omfattar 24,9 km² og har eit folketal på kringom 26 500.
Neckarsulm | |||
by | |||
Land | Tyskland | ||
---|---|---|---|
Areal | 24,94 km² | ||
Folketal | 26 523 (31. desember 2023) | ||
Neckarsulm 49°11′30″N 9°13′28″E / 49.191666666667°N 9.2244444444444°E | |||
Wikimedia Commons: Neckarsulm |
Schwarz-Gruppe, Europas største matvaregrossist, har hovudkontoret sitt i Neckarsulm.
Bil- og tohjular-produsenten NSU Motorenwerke var heimehøyrande i Neckarsulm. Bilfabrikken i byen er i dag del av Audi-konsernet.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Neckarsulm» frå Wikipedia på tysk, den 24. august 2023.