Negentropi er det motsette av entropi og tyder «negativ entropi». Omgrepet vart innført av Erwin Schrödinger i 1943 for å karakterisere prosessar, gjerne knytte til liv, som utviklar eit system i retning av auka struktur.

Eit nærskyldt omgrep er syntropi, som vart innført av den italienske matematikaren Luigi Fantappiè i 1942. Den andre termodynamikklova seier at naturlege prosessar skjer slik at at entropien i eit lukka system veks, og at dette er eit uttrykk for at strukturar vert brotne ned og informasjon går tapt, medan Fantappiè meinte at det eksisterer naturlege prosessar slik at struktur byggjast og syntropien veks. Omgrepet blir mellom anna nytta innanfor alternativ medisin.

Kjelder endre

  • Grøn, Øyvind. (2009, 5. april). Negentropi. I Store norske leksikon. Henta 10. november 2013 frå http://snl.no/negentropi.
  • Grøn, Øyvind. (2009, 12. mai). Syntropi. I Store norske leksikon. Henta 10. november 2013 frå http://snl.no/syntropi.