Opna hovudmenyen

Erwin Schrödinger (12. august 18874. januar 1961) var ein austerriksk fysikar og nobelprisvinnar.

Erwin Schrödinger
Erwin Schrödinger (1933).jpg
FøddErwin Rudolf Josef Alexander Schrodinger
12. august 1887
Wien
Død4. januar 1961
Wien
NasjonalitetAusterrike, Irland, Tyskland, Austerrike-Ungarn, Det tredje riket
Områdeteoretisk fysikk
Yrkefysikar, teoretisk fysikar, akademikar, professor, faglitterær forfattar, matematikar, biolog
InstitusjonarUniversitetet i Wien
Universität Stuttgart
Friedrich-Schiller-Universität Jena
Universitetet i Zürich
Magdalen College
Karl-Franzens-Universität Graz
Friedrich-Wilhelms-Universität zu Berlin
Universitetet i Wrocław
Humboldt-Universität zu Berlin
University of Oxford
Universitetet i Gent
Alma materUniversitetet i Wien
DoktorgradsrettleiarFriedrich Hasenöhrl
Franz-Serafin Exner
MedlemRoyal Society
Akademie der Wissenschaften der DDR
Det bayerske vitskapsakademiet
Det sovjetiske vitskapsakademiet
Det pavelege vitskapsakademiet
Det austerrikske vitskapsakademiet
American Academy of Arts and Sciences
Det russiske vitskapsakademiet
Det prøyssiske vitskapsakademiet
Accademia Nazionale delle Scienze detta dei XL

Erwin Schrödinger vart født i Wien. Han vart professor i Stuttgart i 1920, Breslau i 1921, Zürich 1921-27, Berlin, Oxford 1933-36 og i Graz inntil 1938, då han emigrerte til Irland, der han arbeidde ved det nyoppretta Institute for Advanced Studies i Dublin. I 1956 vende han tilbake til Wien, der han vart Professor Emeritus i 1958.

Etter å ha arbeidt med statistisk termodynamikk og teorien for fargesynet, byrja Schrödinger å arbeide med atomteori. Han bygde vidare på Louis de Broglie si førestilling om materiebølgjer og bølgje-partikkel-dualisme, og utvikla i 1926 bølgjemekanikken med midtpunkt i Schrödingerlikninga, som står som ein av formene for den ikkje-relativistiske kvantemekanikken («Abhandlung zur Wellenmechanik» 1927). Kort tid seinare lukkast det han i å påvise den matematiske ekvivalensen av hans eigne hypotesar med den matrisemekanikken som Werner Heisenberg hadde utvikla. Københavnerskolens tolking av kvantemekanikken avviste Schrödinger, idet han heldt fast ved ei realistisk oppfatninga av kvantemekanikken. I eit berømt tankeeksperiment, kjent som Schrödingers katt, illustrerte han paradokset at kvantemekanikken tillèt at partiklar eksisterer i superposisjonar, medan større ting som kjent ikkje kan det.

Seinare arbeidet han med problemstillingar innanfor relativistisk kvantemekanikk (mellom anna zitterbevegelsen), gravitasjonsteori og den einskaplege feltteorien. Ved sidan av dette dreiv han med filosofiske spørsmål (mellom anna «Die Natur und die Griechen» og «Was ist ein Naturgesetz», 1962). Skriftet hans «What is Life» frå 1946 hadde varig verknad på den seinare molekylærbiologien. For bidraga sine til oppbygginga av kvantemekanikken mottok han i 1933, saman med P.A.M Dirac Nobelprisen i fysikk. Schrödinger vart i 1956 utnemnt til den tyske ordenen Pour le Mérite für Wissenschaften und Künste. Han døydde i Wien.

VerkEndra

  • Gesämtliche Abhandlungen i 4 bind, 1984

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Erwin Schrödinger
Litteratur
  • W.T. Scott, E. Schroedinger. An introduction to his writings, Amherst, Massachusetts, 1967.
  Denne fysikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.