Opna hovudmenyen
Menneskehand med negler.
Lemurar har også negler.

Negler er modifiserte overhudsceller (frå epidermis), ein finn ytterst på lemmane til menneske og andre dyreartar, som apar og lemurar. Dei svarer til klør hjå andre dyr.

Som i det ytterste laget av huda er cellene omdanna til proteinet keratin, i neglene er omdanninga til keratin fullstendig. Negler veks innanfrå, frå naglerota. Etterkvart som det veks fram nye celler her blir dei eldre skyvd utover. Då døyr dei, keratiniseringsprosessen startar og naglesubstansen blir danna. Naglen er festa til kjøtet under, naglesenga. Ein nagl veks med om lag 1 mm i veka.

KjelderEndra

  • Jacob, Francone og Lossow: Anatomi og fysiologi. Oslo, 1980.

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Negler