Koreakrigen er ei nemning på ein krig i Korea frå 1950 til 1953. Nord-Korea fekk støtte av Folkerepublikken Kina og Sovjetunionen, medan Sør-Korea fekk støtte frå USA og fleire andre land i dei sameinte nasjonane (SN).

Koreakrigen

Amerikansk luftangrep mot lagerbygningar i Wonsan i Nord-Korea i 1951
Dato Krigen starta med den nordkoreanske invasjonen av Sør-Korea den 25. juni 1950. Det vart signert våpenkvile den 27. juli 1953, men offisielt er det framleis krig.
Stad  Sør-Korea,
 Nord-Korea
Resultat Våpenkvile (1953) Som før krigen
Taktisk sørkoreansk siger
Offisielt fortsatt krig, ei rekke blodige samanstøyt mellom nord og sør etter våpenkvilen (mellom anna bombardementet av Yeonpyong i 2011)
Endringar i landområde Korea
Partar
 Sør-Korea

Flagget til Det sameinte nasjonane

SN-koalisjonen:
 USA
 Storbritannia
 Australia
 Belgia
 Canada
 Colombia
 Etiopia
 Luxembourg
 Frankrike
 Tyrkia
Flagget til Sør-Afrika Unionen Sør-Afrika
 Hellas
 Filippinane
 New Zealand
 Nederland
 Thailand

Medisinske bidrag frå:
 Noreg
 India
 Italia
 Danmark
 Sverige

 Nord-Korea

 Folkerepublikken Kina
 Sovjetunionen

Medisinske bidrag frå:
 Tsjekkoslovakia
 Romania
 Aust-Tyskland
 Polen
 Ungarn
 Bulgaria
 Albania

Kommandantar
Flagget til Sør-Korea Syngman Rhee

Flagget til Sør-Korea Chung Il-kwon
Flagget til Sør-Korea Paik Sun-yup
Det amerikanske flagget Harry S. Truman
Det amerikanske flagget Dwight D. Eisenhower
Det amerikanske flagget Frank D. Pace
Det amerikanske flagget Earl D. Johnson
Det amerikanske flagget George Cattlet Marshall, Jr.
Det amerikanske flagget Douglas MacArthur
Det britiske flagget Clement Attlee
Det britiske flagget Winston Churchill
Flagget til Australia Robert Menzies
Flagget til Canada Louis St. Lorent
Flagget til Belgia Jean Duvieusart
Flagget til Belgia Joseph Pholien
Flagget til Belgia Jean Van Houtte
Flagget til Colombia Laureano Gómez Castro
Flagget til Colombia Roberto Urdaneta Arbeláez
Flagget til Etiopia Haile Selassie
Flagget til Luxembourg Pierre Dupong
Flagget til Frankrike Vincent Auriol
Flagget til Tyrkia Celâl Bayar
Flagget til Sør-Afrika Daniel Franquis Malan
Flagget til Hellas Paul av Hellas
Det filippinske flagget Elpidio Quirini
Det filippinske flagget Fidel Ramos
Flagget til New Zealand Sidney Holland
Det nederlandske flagget Willeem Drees
Flagget til Thailand Plaek Pibulsonggram

Flagget til Nord-Korea Kim Il-sung

Flagget til Nord-Korea Pak Hon-yong
Flagget til Nord-Korea Choi Yong-kun
Flagget til Nord-Korea Kim Chaek
Den kinesiske flagget Mao Zedong
Den kinesiske flagget Peng Dehuai
Det sovjetiske flagget Josef Stalin
Det sovjetiske flagget Georgij Malenkov
Det sovjetiske flagget Nikita Khrusjtsjov

Styrkar
Sør-Korea: 590 911

USA: 480 000

Storbritannia: 63 000

Canada: 26 791

Australia: 17 000

Filippinane: 7 430

Tyrkia: 4 555

Nederland: 9 372

Frankrike: 3 421

Hellas: 2 163

New Zealand: 1 389

Thailand: 1 273

Etiopia: 1 271

Colombia: 1 080

Belgia: 900

Sør-Afrika: 826

Luxemburg: 44

Nord-Korea: 260 000

Kina: 926 000

Sovjetunionen: 26 000

Tap
Sør-Korea:
  • Drepne: 137 899
  • Skadd: 450 751
  • Lemlesta eller fanga: 32 838

USA:

  • Drepne: 36 515
  • Skadd: 92 134
  • Krigsfangar: 7 245
  • Lemlesta: 8 176

Storbritannia:

  • Drepne: 1 109
  • Skadde: 2 674
  • Lemlesta eller fanga: 1 060

Tyrkia:

  • Drepne: 721
  • Skadd: 2,111
  • Lemlesta: 186
  • Fanga: 216

Canada:

  • Drepne: 516
  • Skadde: 1,042

Australia:

  • Drepne: 339
  • Skadde: 1,200

Frankrike:
300 drepne eller lemlesta

Hellas:

  • Drepne: 194
  • Skadde: 459

Colombia:

  • Drepne: 163
  • Skadd: 448
  • Lemlesta: 2
  • Krigsfangar: 28

Thailand:

  • Drepne: 129
  • Skadd: 1,139
  • Lemlesta: 5

Nederland:
123 drepne

Fillippinane:
112 drepne

Belgia:

  • Drepne: 101
  • Skadd: 478
  • Lemlesta: 5

New Zealand: 33 drepne

Sør-Afrika:

  • Drepne: 28
  • Lemlesta: 8

Luxemburg
2 drepne

Nord-Korea:
  • Drepne: 215 000
  • Skadd: 303 000
  • Lemlesta eller fanga: 120 000

Kina:

  • Drepne: 183 108 (kinesiske tal), over 400 000 (amerikanske estimat)
  • Skadd: 383 218 (kinesiske tal), 486 000 (amerikanske estimat)
  • Lemlesta: 25 620 (kinesiske tal)
  • Krigsfangar: 21 000 (amerikanske estimat), 21 400 (kinesiske tal)

Sovjetunionen:
282 drepne

Sivile tap:

Sør-Korea (offisielle tal):[1]

  • Drepne: 373 599
  • Skadd: 229 625
  • Sakna eller kidnappa: 387 744
  • Totalt: 990 968

Nord-Korea:
406 000-1 185 000 drepne ifølgje uoffisielle tal (lågaste og høgaste estimat).[2] Som oftast estimert rundt 1 000 000. Det sørkoreanske forsvarsdepartementet har estimert at 1 550 000 sivile nordkoreanarar blei drepen, skadd eller sakna under krigen.

Totalt: 780 000-1 559 000 drepne sivile (vanleg estimat: ca. 1 374 000.)

Noreg sende i 1951 eit mobilt militærsjukehus, det såkalla NORMASH. Ei avtale om våpenkvile vart inngått den 27. juli 1953, men krigen har formelt ikkje teke slutt.

Koreakrigen kan i ettertid sjåast som ein del av den kalde krigen, i og med at kommunistiske land stødde opp om nord, medan kapitalistiske land stødde styrkane frå sør.

Ein canadisk soldat på NORMASH-sjukehuset

Krig endre

25. juni 1950 gjekk nordkoreanske styrkar over grensa til Sør-Korea. Fleirtalet i Tryggingsrådet, med Sovjetunionen sin representant ikkje til stades ettersom landet på den tida boikotta rådet,[3] vedtok ei oppmoding til regjeringa i Pyongyang om å trekka troppane sine tilbake. Det skjedde ikkje, og same dagen gjekk USA til aksjon for å støtta Sør-Korea.

Seoul fall tidleg i juli 1950, og snart var dei sør-koreanske styrkane pressa ned til den søraustlege kystbyen Pusan. Der blei SN-styrkane forsterka medan amerikanske marinestyrker starta eit motåtak ved Inchon utanfor Seoul. Dette kutta dei nord-koreanske forsyningslinene og gjorde at dei måtte gjera rask retrett.

I november 1950 dukka dei første kinesiske troppane opp i felten, og det kinesiske engasjementet auka sterkt etter kvart. Frontlinja flytta seg både sørover og nordover, men sommaren 1951 stabiliserte SN-styrkane stillingane sine omtrent langs den gamle grensa.

Følgjer endre

Tala for kor mange ein meiner omkom under Koreakrigen varierer frå 2 til over 3 millionar. Dei fleste kjeldene meiner talet ligg rundt 2,5 millionar. Vel 800 000 soldatar døydde som følgje av krigen (Kina ca. 170 000, Nord-Korea ca. 350 000, Sør-Korea ca. 220 000, SN-styrkane ca. 55 000), medan over halvannan million koreanske sivile blei drepne (Nord-Korea mellom 700 000 og 1 000 000 og Sør-Korea ca. 550v000).

Over 7 millionar koreanarar lever med kjend eller ukjend familie på andre sida av grensa. De fleste har ikkje hatt kontakt siden krigshandlingane slutta.

Mange ungar som var blitt foreldrelause under krigen blei adopterte til vestlege land, mellom anna Noreg. Det finst derfor ei relativt stor gruppe nordmenn av koreansk opphav.

Sjå òg endre

Referansar endre

  1. Tap i Korea-krigen - Det koreanske forsvarsdepartementet Arkivert 2011-07-22 ved Wayback Machine. (omsett frå koreansk via Google)
  2. Twentieth Century Atlas: Death Tolls: Korean War
  3. Malkasian 2001, s. 16.
  • Malkasian, Carter (2001). The Korean War, 1950–1953. Essential Histories. London; Chicago: Fitzroy Dearborn. ISBN 1-57958-364-4. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Koreakrigen