Nejva (russisk Не́йва) er ei elv i Sverdlovsk oblast i Russland og ei av sideelvane til Nitsa frå venstre. Elva er 294 km lang og har eit nedslagsfelt på 5 600 km². Elva har ei middelvassføring på 10 m³/s.

Nejva
elv
Land  Russland
Nedslagsfelt 5 600 km²
Lengd 294 km
Middelvassføring 10 /s
Kjelde Uralfjella
Munning Nitsa
Kart
Nejva
57°21′36″N 60°13′41″E / 57.36°N 60.2281°E / 57.36; 60.2281
Wikimedia Commons: Neyva River

Elva har utspring på austsida av dei sentrale Uralfjella. Ho frys til i november, og er isdekt til vårløysinga i april.

Av byar ved Nejva finn ein Nevjansk og Alapajevsk.

Kjelder

endre