Nenzing er ein landkommune i distriktet Bludenz i forbundslandet Vorarlberg i Austerrike. Kommunen dekker eit areal på 110,1 km² med om lag 6 000 ibuarar i 2015. Landsbyen Nenzing ligg 530 meter over havet, 10 km sørvest for byen Feldkirch.

Nenzing

Landskapet i Nenzing består av opptil 2 800 moh høge fjell i aust og sør, medan det er meir kupert mot vest. 49% av arealet er skogdekt, 21% er fjellterreng. Omframt landsbyen Nenzing bur folk i ti grender.

Nenzing gensar i vest mot Liechtenstein og i sør mot Sveits.

Kjelder

endre