62°47′15.770″N 9°37′29.885″E / 62.78771389°N 9.62496806°E / 62.78771389; 9.62496806 Nerskogen er ei bygd vest i Rennebu kommune i Trøndelag (tettstaden strekkjer seg òg over i Oppdal kommune). Fylkesveg 512 går gjennom bygda. Nerskogen har daglegvarehandel, skule (1–7) og barnehage.

Historie endre

Nerskogen var utmark og setergrend fram til 1920-åra da dei første bureisarane slo seg ned og byrja heilårsdrift. Oppdalingen Halvar Engelsjord og familien hans var dei fyrste fastbuande i fjellbygda, og ved Gregosen står eit minnesmerke over pionergjerningane deira. I slutten av 1930-åra auka nybygginga på, og selskapet Ny Jord kjøpte eit nybrotsfelt i Sørøyåsen som vart parsellert ut til om lag 30 nye bruk i 1936–37. I åra som følgde vart det stadig fleire brukarar på dette feltet. Nerskogen vart poststad da Særeggan brevhus vart oppretta i 1944. Namnet vart endra til «Nerskogen» frå 1.1.1947. Postkontoret vart omgjort til landpoststasjon i 1987 og er i dag postfilial.

Staden har òg lange tradisjonar som sørsamisk område.

Geografi endre

Nerskogen ligg aust i Trollheimen og er omgjeven av storfelt natur på alle kantar. Det meste av busetnaden ligg langs elva Grana (Grøna) som renn ut i Granasjøen rett nordaust for Nerskogen. Grenda ligg om lag 700 moh., medan fleire av toppane ikring ragar opp mot 1200 moh.

Næringsliv endre

Trass i høgda over havet blir det drive ein god del tradisjonelt jordbruk på Nerskogen. Elles er lafting av hytter ei vesentleg næring saman med anna tenesteyting knytt til hytteliv og naturopplevingar. Nerskogen har skianlegg med alpinbakke og godt utvikla løypenett. Granasjøen er vassmagasin for Grana Kraftverk, men byr òg på gode moglegheiter for fiske og andre aktivitetar.

Kulturliv endre

Nerskogsmuseet vart offisielt opna i 1992 og omfattar fleire gamle seterhus med innbu i tillegg til ei jordgamme av sørsamisk modell. Like ved museet står dessutan eit minnesmerke over presten Ola Røkke som spela ei viktig rolle i bureisingsarbeidet i 1930-åra. Nerskogen kapell vart oppført i tømmer i 1962 og har eigen kyrkjegard.

Bakgrunnsstoff endre