Granasjøen er ein innsjø som ligg på Nerskogen ved Fv512 i Rennebu kommune i Trøndelag fylke. Innsjøen vart regulert med demning i samband med utbygginga av Orkla og Grana-vassdraget på 1980-talet. Frå 1982 har han vore vassmagasin for Grana kraftverk. Før oppdemminga var det berre skog og myrar kring faret til Grana.

Granasjøen
innsjø
Land  Noreg
Fylke Trøndelag
Kommune Rennebu
Høgd over havet 650 moh.
Areal 6,00 km²
Kystlengd1 12,85 km
Koordinatar 62°49′32″N 09°43′22″E / 62.82556°N 9.72278°E / 62.82556; 9.72278
Kart
Granasjøen
62°49′32″N 9°43′22″E / 62.825555555556°N 9.7227777777778°E / 62.825555555556; 9.7227777777778
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Granasjøen er i dag fiskerik, og Granasjøen kiosk, som ligg i nordenden av vatnet, leiger ut båtar og fiskeutstyr - i tillegg til å tilby enkel servering og overnatting. Sjøen har òg vore nytta til segling med seglbrett.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Trøndelag å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.