Nesøybrua er ei bogebru i betong over Grønsund som gjev Nesøya i Asker kommune samband til faslandet ved Slependen i same kommunen. Brua vart bygd av kommunen, og stod ferdig i desember 1957.

Brua erstatta ei gamal og smal trebru, og vart bygd etter stendige krav frå velforeiningane på Nesøya om at kommunen tok kostnadene med å få i stand eit moderne vegsamband, og soleis òg oreigna grunn til den nye brua. Brua vart bygd på nordsida av den gamle, og går om lag i terrengnivå høgt over sundet på ein stad der sundet er trangt og terrenget stig steilt opp frå stranda. Forskalinga til brubogen vart difor laga ferdig ein annan stad, frakta til byggjestaden på ein lektar og heist på plass på ferdigstøypte betongfundament frå lektaren.

Den gamle trebrua over sundet var bygd i 1919-20 av eigaren av Nesøya, Eivind Blehr, som kjøpte heile øya i 1917, og som ville regulere og byggje ut øya. Tømmeret til brua vart hogd på Nesøya. Det kan vere at arkitekt Magnus Poulsson har teikna brua, ei bogebru der dei berande trekonstruksjonane var dekte og verna mot vêr og væte av ein vegg av ståande trepanel på båe sidene av brua. Desse panelveggane var raudmåla, detaljar var kvitmåla. Sjølve brukonstruksjonen var teikna av ingeniør Stang, som budde på Nordre Nesøya om sommaren. Då denne brua vart erstatta av den nye i 1957, var ho forsterka til å tole fem tonns akseltrykk, men så skral at den vesle bussen som gjekk i rute på øya, ikkje kunne køyre over brua med passasjerar ombord; dei måtte gå over etter at bussen var køyrd, og stige på att på andre sida.

Samstundes som trebrua vart bygd, vart det òg sett opp eit lite, kvadratisk tømmerhus på kvar side av vegen ved brufestet på Nesøysida. Det skulle krevjast inn bompengar av brukarane, så brua var stengd med bom, og i det søre av desse to små porthusa budde «Nils på brua», som hadde denne oppgåva så lenge ordninga stod ved lag. Avgifta var tre kroner for bilar og ei krone for gåande.

Då den nye betongbrua vart bygd i 1957 rett attmed gamlebrua, stod det nordre av desse to husa i vegen og måtte fjernast, og vart flytt til ei anna tuft eit lite stykkje veg inn på øya. Det søre huset står framleis på den opphavlege plassen, og soleis litt sør for den nye brua. Slik tilhøva er på staden no, er det ikkje lett å sjå meininga med eit slikt lite bustadhus ytterst på eit stup rett ned i sundet.

Bakgrunnsstoff endre