Netteland

For Netteland i Kvinnherad, sjå Nettland.

Netteland er ein gard på øya Losna i Solund kommune i Sogn og Fjordane. Garden har matrikkelnummer 64 i Solund.[2] Fram til og med 1963 høyrde Losna til Gulen kommune og der hadde Netteland matrikkelnummer 3.[3]

Netteland
stad
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Sogn og Fjordane
Kommune Solund
Postnummer 6926 KRAKHELLA[1]
Gardnummer 64[2]

GeografiEndra

Netteland ligg like sør for Losnegard, ved ei lita bukt på søraustsida av øya.[3] Ferjekaien på Losna ligg på Netteland, og ferja Rysjedalsvika-Rutledal-Krakhella går innom der etter førhandstinging.[4]

HistorieEndra

Det tidlegaste ein finn garden nemnt er i 1563, men han er mykje eldre. Ivar Kleiva skriv i bygdeboka for Gulen at Netteland før 1700 vart rekna for eit bruk under Losnegard.

Etter matrikkelen frå 1667 var skulda 1½ laup og 1 pund smør, og det var ein hest og 22 naut på garden. Utsåd var fire tønner havre og avling var 13 tønner. Skatten var 5½ riksdalar. Det ser ut til å ha vore to brukarar på garden då.[3] I 1723 er det berre ein brukar. Garden hadde då ein hest, 24 naut og 12 sauer og geiter. Utsåd var fire tønner og tre skjepper havre, og avling var 16½ tønne. [3][5]

Netteland fekk elektrisk straum innlagt i 1958.[3]

NamnEndra

Oluf Rygh meiner namnet har med planta «netle» (nesle, brennenòt, Urtica) å gjere.[6]

Statens kartverk har godkjend skrivemåten «Netteland» (1986).[7]

Gardsnamnet er også kjent frå Kvinnherad kommune, men der vert namnet no skrive Nettland.[6][8]

KjelderEndra

  1. «Postnummerkart på nettstaden til Posten». Henta 9. november 2010. 
  2. 2,0 2,1 «Gardsleksikonet på nettstaden til Sogn og Fjordane Fylkesarkiv». Henta 9. november 2010. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 Ivar Kleiva (1996). «Gnr. 3. Netteland». Gulen i gammal og ny tid : Gards- og ættesoga. Band I (2 utg.). Eivindvik: Gulen kommune. s. 31. 
  4. «Ferjerute på nettstaden til Fjord1». Henta 9. november 2010. 
  5. Ivar Kleiva (1996). «Føreord». Gulen i gammal og ny tid : Gards- og ættesoga. I (2 utg.). Eivindvik: Gulen kommune. s. 5.  [Opplysningane i matriklane er lite etterrettelege. Dei skulle gje grunnlag for utrekning av skatt, og ved samanlikning av matrikkelopplysningane med skifteprotokollar frå same tidsrom ser ein at det i stor grad vart underrapportert, venteleg i von om å få mindre skattebør. Opplysningane om storfe er nokolunde rette, men anna, som småfe, fiske, skog og anna utmarka måtte gje, er ofte unemnt i matrikkelen. Matrikkelopplysningane har likevel interesse, sidan me ikkje har andre kjelder som gjev heile biletet.]
  6. 6,0 6,1 «Oluf Rygh: «Netteland» i Norske Gaardsnavne på nettstaden til Sogn og Fjordane Fylkesarkiv». Henta 9. november 2010. 
  7. «yr.no». Henta 9. november 2010. 
  8. «yr.no». Henta 9. november 2010. 

Vidare lesnadEndra

  • Ivar Kleiva: «Gnr. 3. Netteland» i Gulen i gammal og ny tid : Gards- og ættesoga. Band I, side 31-38.

BakgrunnsstoffEndra