Network Norway var eit norsk mobiltelefoniselskap som åtte 50 % av den norske mobilnettoperatøren Mobile Norway.

Network Norways kontor, Sør Arena, Kristiansand

Network Norway vart starta i 2005 med Ingvild Myhre som administrerande direktør, og Tommy Norum som dekningssjef.[1] Selskapet voks blant anna gjennom oppkjøp av mobilselskapa One Call og MyCall. I 2009 vart Myhre etterfølgt av Arild Hustad.[2]

I 2013 vart selskapet slått saman med Tele2 Noreg. Administrerande direktør i det underlagde Network Norway vart Hanne Løvstad, som før 2013 var leiar for det Network Norway-åtte mobilselskapet Lebara.

I 2014 vart Network Norway/Tele2 kjøpt opp av svensk-finske TeliaSonera, som eig NetCom. Privatabonnement til Tele2, OneCall og MyCall (tidlegare Lebara) skifta samstundes frå Telenor-dekning til NetCom-dekning.

Mobile NorwayEndra

Den andre halvdelen av Mobile Norway eig svenske Tele2. Mobile Norway fekk i 2006 Noregs tredje lisens til å driva eit GSM-mobilnett ved sida av Telenor og NetCom. Mobile Norway starta utbygginga av sit GSM-900 nettverk i 2007 og planleggar å dekka etter kvart heile landa. Den held sidan 2008 òg ein UMTS-lisens, men har så langt ikkje bygd ut denne teknologien.

ReferansarEndra

  1. Ingvild Myhre tilbake i mobilkom
  2. Arild E. Hustad er tilsett som ny konsernsjef i Network Norway

BakgrunnsstoffEndra