Neuruppin er ein by og kommune i landkrinsen Ostprignitz-Ruppin i delstaten Brandenburg i Tyskland med 30 000 ibuarar. Med eit flatemål på 305,2 km² er kommunen ein av dei største i heile Tyskland.

Treeiningskyrkja i Neuruppin

Byen Neuruppin ligg 44 meter over havet ved Ruppin-vatnet. Etter ein bybrann i 1787 vart dei nye bygningane oppført i nyklassisk stil. Denne stilen pregar mykje av bybiletet, og gjer at byen ofte vert nemnt som den mest prøyssiske av alle byar i Preussen.

Karl Friedrich Schinkel, Theodor Fontane og Rudolf Diels var frå Neuruppin.

Kjelder endre